Haust + handarbeid = sant.

kveldsstrikk_september_17.jpg

Er du høyrselshemma og treng litt hjelp?

Kanskje kan du få litt hjelp og gode råd her.
Kanskje kan du få litt hjelp og gode råd her.
sommarferie.jpg

Vi har no sommarferie og opnar att mandag 7.august. 
Vi ynskjer alle ein fin fin sommar! 

Saman på sykkel er heilt topp!

Då er sykkelprosjektet realisert - med hjelp av prosjektmidler Gjensidigestiftelsen har vi fått kjøpt inn to sykklar, ein til Herøy omsorgssenter og ein til Myrvåg omsorgssenter. I dag har vi hatt første prøveturen og det var absolutt ein suksess, som gav meirsmak for både pilotar og passasjerar. Her kan ein virkeleg få luft i håret og få sett sett seg omkring, god plass til termos og niste er her også! Vi oppmodar familier, vener og andre som har lyst til å få litt opplæring med sykkelen om å ta kontakt med avdelingsleiarane, eller Tommy Dahl som har kontor på Eggesbønes. Dette var så kjekt!

Sommarkonsert.

guren_hagen_hos_17.jpg

I dag har Guren Hagen besøkt Herøy og Myrvåg omsorgssenter og halde konsert for fullsett sal. Her fekk vi høyre både kjende og nye viser, nokre trampa takta og nokre song med på dei kjende og kjære visene. Ein liten vals vart det også tilslutt. Eit fin arrangement i regi av den kulturelle spaserstokken i Herøy. 


Trubaduren laga god stemning.

Foto: Kristin Kvalsvik
Foto: Kristin Kvalsvik

Sist torsdag var det duka for ei hyggeleg stund ved omsorgssentera i Myrvåg og på Eggesbønes.

Øystein Eckhoff, opphavleg frå Syvde i Vanylven, har vore musikar på heiltid i 10 år. Han reiser rundt med gitaren og underheld på pubar, i bryllup og andre feiringar, men held også konsertar for den eldre garde.
Då dykkar han i det norske visearkivet, og hentar fram kjende og kjære songskattar og kanskje ein og annan du ikkje hadde høyrt før.  

Og folka «benka» seg framføre og tralla med, ei fin stund for beburarane vart det på ein elles fin sunnmørssommardag, der gradestokken syner så vidt eit tosifra tal, er det godt å hygge seg innandørs.
Også trubaduren var fornøgd med dagens speleoppdrag:

«Det er utruleg givande å få halde slike konsertar som eg gjorde i Herøy på torsdag. Dei kjende så godt alle songane, og kvidde seg ikkje for å syngje med på dei gamle slagerane. I tillegg var det eit lydhørt publikum, og eg trur eg sette minst like stor pris på dei, som dei gjorde på meg».
Neste arrangement i regi av Den kulturelle spaserstokken vert 4.juli, då vert det sommarkonsert med Guren Hagen. Vi ynskjer beburarar, familier og vener velkomne til å vere ilag.

Er du senior i Herøy?

Foto Herøy frivilligsentral: Marit Sævik Leinebø (Herøy Kyrkje) May Irene Myren (Herøy Frikyrkje) Solgunn Ulstein (livsglede for eldre) og Terje Krogset (ytre Herøy pensjonistlag)
Foto Herøy frivilligsentral: Marit Sævik Leinebø (Herøy Kyrkje) May Irene Myren (Herøy Frikyrkje) Solgunn Ulstein (livsglede for eldre) og Terje Krogset (ytre Herøy pensjonistlag)

Sist veke møttest repersentantar frå Herøy Kyrkje, Herøy Frikyrkje, Livsglede for eldre, Ytre Herøy pensjonistlag og Frivilligsentralen for ein prat om kva som finnast av møteplasser for seniorar i Herøy.

Vi har fleire gode tilbod og desse må vi nytte oss av. Under møtet kom det fram at vi har mange møteplasser, det gjeld berre å nytte seg av dei. 

Pensjonistlaga både i ytre- og indre Herøy, med Terje og Solfrid i spissen, er aktive og har faste møter ein gong i månaden, samt busstur på våren.
Herøy Frikyrkje arrangerer månadleg det såkalla «vi over 60» treffet, Herøy Kyrkje har busstur og eldrefest og elles ad hock treff i løpet av året, no sist i samarbeid med Livsglede for eldre frå Herøy Vidaregåande skule.
Eldrerådet i Herøy arrangerer kvar haust eldrefest, også med god hjelp frå Herøy Vidaregåande skule. Velforeningane på sjukeheimane, grendelag, sanitetskvinnene, frivilligsentralen,  LHL og senioruniversitetet har også fleire tilbod som ein kan nytte seg av dersom ein har lyst til å treffe andre eller å vere med å hjelpe til når ein har mulegheit.
Kanskje er ein del av dei for lite kjent slik at vi har ei oppgåve her å drive felles «reklame» for dei møta som finst.
Det gjeld også å få aktivisert «unge eldre» til å interessere seg for frivillig eldrearbeid. Kanskje har vi ein «einsam» nabo som vi kan hugse på når vi vil delta på ein aktivitet.

Det var semje mellom alle som møtte at her finnast mange gode tilbod i Herøy, og at vi ynskjer å samarbeide framfor å konkurrere om desse.
Sidan fleire og fleire seniorar også nyttar seg av facebook, har vi no i samarbeid oppretta ei side, «Senior i Herøy»,
der vi vil i tillegg til lokalavis, kulturkalender,  plakatar, heimesider og jungeltelegraf, prøve å få ut informasjonen til flest muleg.
Det går no i mot sommarferie for dei fleste av desse faste møteplassane, men plutselig er sommaren over og vi er klare til ein sosial og kjekk haust med mykje aktivitet.
Velkomne alle!

 

veke_22.jpg
veke_21.jpg
veke_20.jpg

Vi ynskjer velkomne!

kveldsstrikk_mai_17.jpg
veke_19.jpg
veke_18.gif

Handstrøboksane er allereide klar- til neste vinter! 

Tusen takk til Synnøve, Thomas og resten av den dyktige gjengen på Herøy Produksjon!
Tusen takk til Synnøve, Thomas og resten av den dyktige gjengen på Herøy Produksjon!

Prosjektmidler frå Gjensidigestiftelsen gjorde at vi fekk muligheita til å kjøpe inn ein del handstrøbokser. Herøy Produksjon tok sporty oppdraget med å fylje desse boksene med strøsingel slik at dei skal vere klare til bruk, og forhåpentligvis, redde både armar og lårhalsar. No skal boksene lagrast i kjellaren på Sanitetshuset fram til hausten, då er vi klare til utdeling, meint først og fremst til eldre heimebuande. Vi deler ut så langt lageret rekk.

Handstrøboksane er smarte å ha ståande innafor ytterdøra, så kan ein berre ta dei i handa og strø litt framføre seg når ein treng å kome seg til postkassa eller til bilen. Tusen takk for hjelpa - Synnøve, Thomas og resten av gjengen på Herøy Produksjon!

veke_17.jpg

Vi inviterer til Seniornett i Herøy, tysdagar kl 11-13.

Terje Krogset, leiar i Ytre Herøy pensjonistforening
Terje Krogset, leiar i Ytre Herøy pensjonistforening

Utviklinga innan teknologi går rasande fort, difor er behovet for å lære meir om dette naudsynt.
Det kjem stadig nye tilbod om tenester og informasjon som ein kan nytte seg av, ein treng ikkje å kunne alt og behovet kvar enkelt har er ulikt.
Difor vil no Pensjonistlaga og Frivilligsentralen starte opp eit tilbod om ein møteplass, der ein treffast, med mål om å lære seg litt meir med den smarttelefonen eller det nettbrettet ein sjølv har.
Vi legg ikkje opp til kurs i denne omgang, du kan ta med det du nyttar av smarttelefon og nettbrett, vi hjelper deg med å koble deg opp på internett dersom du treng det.
Ynskjer du å lære meir om foreksempel, vips, digipost, snapchat, instagram, nett-tv,  nettaviser eller korleis ein via ein app kan fylje med på skipstrafikken?
Ta deg ein tur innom oss komande tysdag – så skal vi prøve å hjelpe deg så godt som vi kan.
Herøy frivilligsentral finn du framleis ved parken i Fosnavåg, Igesundvegen 17.
Alle er velkomne – uansett alder!

veke_16.jpg
veke_14.jpg
veke_13.jpg
veke_12.jpg
12Neste

Kulturkalender

Kva skjer? 

legg_til_arrangement.png

 

Frivillige lag og organisasjonar - kontaktinfo. 

Lag og organisasjonar

Lagt til: Endra:

Herøy Frivilligsentral
Igesundvegen 17
Tlf: 700 84 690
Mobil: 99 21 00 20
E-post: frivillig@heroy.kommune.no

Vi har ope mandag - fredag kl 10-14, men her er ofte folk ellers også så det er berre å stikke innom.

Her står som regel kaffien klar.

Den største gleda ein kan ha - er å gjere andre glad.

 

OM OSS

Vi skal vere eit ressurssenter for all frivillig aktivitet i Herøy kommune

Frivilligsentralen i Herøy skal bidra til å gjere Herøy kommune til ei enno betre kommune å bu i ved å kartlegge, synleggjere og ta i bruk dei frivillige ressursane i kommuna. Frivilligsentralen skal vere eit knutepunkt og bindeledd mellom dei som vil yte ein ubetalt innsats i nærmiløet/lokalsamfunnet og dei som ynskjer å motta slik innsats. Fs skal fungere som møteplass og brubyggjar mellom menneske, frivillige organisasjonar/samanslutningar og det offentlege.

Design og CMS: Osberget