veke_6.jpg
veke_42.jpg
veke_46.jpg

Strikketreff i Stryn

stryn.jpg

Strikking er sosialt, ingen tvil om det. Onsdag 12.november var 11 strikkeglade damer frå Herøy i Stryn for å møte andre strikkeglade damer (ingen strikkeglade menn der heller desverre) Vi vart veldig godt tekne imot av Jorun Erdal på Xtra Lekker der vi fekk anledning til å gjere ein god handel - heilt frivillig sjølvsagt. Etter handelen gjekk turen til Vertshuset der vi fekk god mat, kaffi og kake, mykje god prat om både strikk og anna, før vi tilslutt fekk vakre Prøysensongar av Jorun. Tusen hjarteleg takk for at vi fekk kome på besøk og ha ein hyggeleg kveld ilag med dykk i Stryn, vi håpar at de kjem til Fosnavåg ein gong utpå nyåret - vi skal nok ta vel i mot dykk. 
Strikkekafeèn på Frivilligsentralen er open kvar torsdag kl 12-14, vi serverar noko godt attåt kaffien for 20,-. Alle både nye og "gamle" strikkeglade er hjarteleg velkomne, strikk innom oss når du har anledning. 

Møte mellom mennesker

bunad.jpg

Kvar torsdag er det open strikkekafe`på frivilligsentralen, vi byter på å lage noko godt attåt kaffien og har ei hyggeleg stund ilag med eller utan handarbeid. 

Men det er ikkje alle som strikkar, her kan ein ha med seg alt av handarbeid, eller kome heilt utan.  Sunnmørsbunad kan ein også ha med seg hit, og her ser de to damer som er interesserte i brodering og bunadssaum. Kansje får vi ein ny "bunadspesialist" i kommunen etterkvart. Godt jobba damer!

juleferie_14.jpg

Kom i bedre form ilag med Tjukkasgjengen!

januar_15.jpg
Møteplass: eldrebølgen, tjukkasgjengen, språklunch (ta kontakt så får du ein invitasjon) strikkekafe og babytreff. Språklunch er kun for inviterte, dei andre møteplassane er opne for alle. Velkomne!  
NB. siste hørselshjelp før sommarferien.
Møteplass: eldrebølgen, tjukkasgjengen, språklunch (ta kontakt så får du ein invitasjon) strikkekafe og babytreff. Språklunch er kun for inviterte, dei andre møteplassane er opne for alle. Velkomne! NB. siste hørselshjelp før sommarferien.
veke_40.jpg

Kva skjer hjå oss denne veka:

veke_41.jpg

Kjenner du nokon som har barselpermisjon?

babykino_gratis_bilett.jpg

Internasjonal julefest er avlyst!

Sunnmøre Politidistrikt kjem fredag med klare åtvaringar før den varsla storstormen som vil slå inn over Sunnmøre laurdag ettermiddag.

Vi har difor beslutta å avlyse Internasjonal julefest i Herøy kyrkje kl 16:30.

Helsing festkomiteen. 

veke_3.jpg

"Eldrebølgen" har trimma lattermusklane

eldreb_lgen.jpg

Kvar mandag møtast ein gjeng ved sjukeheimen på Eggesbønes for å trimme litt. 

Denne mandagen var det første trimmen etter jul, og her var så klart mykje ribbefeitt og anna som måtte vekk. Trimhalvtimen gjekk fort unna med bøy og strekk, opp og ned, fram og tilbake, vi rodde halvvegs til Shetland, og til slutt fekk ein prøvd gamle kunstar innan ballspel. Lattermusklane er godt trimma etter denne ykta her, vi sjåast att til meir trim neste mandag. Dette er rein medisin for både kroppen og for hjertet.
Plutselig kjem vårsleppen og då går vi ut i sola. 

Babykino mandag 19.januar kl 12:00

Staying alive har premiære 16.januar.
Staying alive har premiære 16.januar.

Mandag 19.januar er det duka for tidenes første babykino på Fosnavåg kino. 

Filmen som blir vist er den nye norske filmen Staying alive. Det blir dempa lyd og litt lys i salen. Det er lov til å ta med barn som lagar lyd :) Kinokiosken er åpen og det blir i tillegg høve til å bestille baguettar.

Billettar kan bestillast på www.fosnavågkonserthus.no.

Spre ordet :)

veke_4.jpg

Frivilligprisen 2014

Jeyakumar, Saroja her ilag med Ordførar Arnulf Goksøyr. Ordføraren sto for utdelinga av Frivilligprisen etter kveldsmessen i Herøy kyrkje søndag 18.januar.
Jeyakumar, Saroja her ilag med Ordførar Arnulf Goksøyr. Ordføraren sto for utdelinga av Frivilligprisen etter kveldsmessen i Herøy kyrkje søndag 18.januar.

Saroja og Jeyakumar 

Herøy kommune er heldige som har alle desse ildsjelene som stiller opp dag etter dag, helg etter helg, år etter år. I dei mange lag og organisasjonane vi har, men også enkeltpersonar som ikkje er tilknytta nokon organisasjon. Det kom  inn 7 forslag til frivilligprisen i 2014, alle kandidatane var absolutt verdige mottakarar, som har gjordt ein betydeleg frivillig innsats i mange mange år. Juryen fekk difor ein vanskeleg, men  takknemleg jobbb med å velje ut kven som skal få årets pris.  
Juryen har dermed beslutta å gi frivilligprisen 2014 til:  
Saroja og Jeyakumar

Dei siste 8 åra har Saroja og Jeyakumar jobba som frivillige medarbeidarar på kjøkenet i Herøy kyrkje. Dei er begge frå Sri Lanka, men kjenner seg heime i kyrkja, «Vi liker å gjere folk glade» seier Saroja når vi spør om kvifor dei orkar å stille opp for å koke kaffi og servere kaker etter gudstenesta søndag etter søndag. Dei kjem stillferdig litt etter Gudstenesta har begynt og set fram koppar, fat, kjeks, kaker, frukt, kaffi og saft. Heile kyrkjelyden set svært stor pris på deira innsats, deira gode smil og flotte fremferd.  Når kaffien er over hjelper dei til med opprydding før dei går heim.
Alt dette gjer dei søndag etter søndag, år etter år. Dei er så trufaste at når dei reiser til Sri Lanka på ferie, så skaffar dei vikar. Dei hjelper også til med nattverden, reinhald og andre ting når det trengst.
Det er ei stor glede og ære å gi denne prisen til desse ildsjelene, og vi vonar sjølvsagt at dei vil halde fram med frivillig arbeid i mange mange år til.

veke_5.jpg

Babytreffet tek pause.

baby_1.jpg

På grunn av at det for tida er kjempemange ulike tilbud av sosiale møteplassar for småbarnsforeldre - tek vi "pause" med babytreffet på frivilligsentralen til vi har flytta i nye lokaler på kulturhuset (skjer i løpet av hausten). Det har vore mange kjekke stunder med stort og smått her i lokala ved parken, og vi håpar at de som har fått mange nye vener tek godt vare på kvarandre. Ynskjer alle er fortsatt fin småbarnstid.

12345Neste

Kulturkalender

Kva skjer? 

legg_til_arrangement.png

 

Frivillige lag og organisasjonar - kontaktinfo. 

Lag og organisasjonar

Lagt til: Endra:

Herøy Frivilligsentral
Igesundvegen 17
Tlf: 700 84 690
Mobil: 99 21 00 20
E-post: frivillig@heroy.kommune.no

Vi har ope mandag - fredag kl 10-14, men her er ofte folk ellers også så det er berre å stikke innom.

Her står som regel kaffien klar.

Den største gleda ein kan ha - er å gjere andre glad.

 

OM OSS

Vi skal vere eit ressurssenter for all frivillig aktivitet i Herøy kommune

Frivilligsentralen i Herøy skal bidra til å gjere Herøy kommune til ei enno betre kommune å bu i ved å kartlegge, synleggjere og ta i bruk dei frivillige ressursane i kommuna. Frivilligsentralen skal vere eit knutepunkt og bindeledd mellom dei som vil yte ein ubetalt innsats i nærmiløet/lokalsamfunnet og dei som ynskjer å motta slik innsats. Fs skal fungere som møteplass og brubyggjar mellom menneske, frivillige organisasjonar/samanslutningar og det offentlege.

Design og CMS: Osberget