mars_14.jpg
mars_14.jpg
veke_10.jpg

Datakurs på Frivilligsentralen.

datakurs_vinter_14.jpg

Då er dagen komen og vi må ta farvel etter 6 kjekke tirsdagar med datakurs på Frivilligsentralen. Vi har lært om venstreklikk, høgreklikk, dobbelklikk og kabal. Wordpad, enter, shift, CAPS LOCK og backspace. Startknapp, meny, verktøylinje, explorer og mykje meir.....
Ikkje nok med at ein lærer data, men ein får lære litt engelsk også medan ein er på kurs  Dette kurset vert ein liten start ut i den store dataverden fekk alle dei flinke kursdeltakarane og vi ynskjer dei lykke til vidare. Vi lærer så lenge vi lever.
Tusen hjertelig takk for god hjelp og godt samarbeid Solfrid Hagemann og Odd Magne Kvalsund!

veke_11.jpg
veke_12.jpg
verdens_vaffeldag.jpg
eldreb_lgen.jpg
veke_13.jpg
veke_14.jpg
mars_14_myrv_g.jpg
april_14.jpg
eldreb_lgen_eggesb_nes.jpg
god_p_ske.jpg
veke_21.jpg

Eldrebølgen tok "bølgen" på Eggesbønes.

over 30 deltok på "eldrebølgen" Eggesbønes i dag.
over 30 deltok på "eldrebølgen" Eggesbønes i dag.

Etter oppstart i april har "eldrebølgen" vorte eit positivt og populært tiltak for beburarane ved Herøy omsorgssenter. I dag vart det 35 som deltok, og sidan det var eit nydelig veir, gjekk mange heilt "ned på neset". Der var det mykje "nytt" og spennande å sjå og oppleve. Gleda over den fine turen gjorde at vi rett å slett måtte ta "bølgen" ved Remøy Management. Dette tilbudet er basert på frivillig innsats og er eit samarbeid mellom Ytre Herøy pensjonistlag, Herøy Sanitetsforening og Frivilligsentralen. Vi oppmodar alle som kan til å vere med å hjelpe oss slik at endå fleire får bli med på eldrebølgen. Det er rein glede for alle å vere med på dette kvar mandag kl 11.00 på Herøy omsorgssenter. Sjå etter gule vestar - vi skal ta godt i mot deg. 

Kontoret vert stengt 29. og 30. mai.
Kontoret vert stengt 29. og 30. mai.

"Hvorfor sitte inne når alt håp er ute, ilag med Tjukkasgjengen?"  :)

juni_14.jpg

Nytt år nye mulegheiter til å vere med i tjukkasgjengen!

januar_2014.jpg

Datakurs på Frivilligsentralen.

På biletet ser vi nokre av dei som har delteke på kurs tidlegare, to av deltakarane kom heilt frå Åram for å lære meir om data. 
Foto: Solfrid Hagemann.
På biletet ser vi nokre av dei som har delteke på kurs tidlegare, to av deltakarane kom heilt frå Åram for å lære meir om data. Foto: Solfrid Hagemann.

Vi er no klare til å starte oppatt med nytt datakurs for nybegynnarar. Kursa passar for alle som vil lære litt meir om datamaskin, i alle alderar, kvinner og menn.

Dette kurset startar med å lære å skru av og på maskina, bruke musa og navigere seg fram på skjermen. Tastaturet har mange knappar, enter, mellomrom, caps lock, backspace, er nokre av dei de får lære meir om på dette kurset. På internett får de lære om korleis ein søkjer opp ei ny side, lage seg favorittar, google og andre enkle men nyttige  ting ein kan lære. Dersom vi får tid kjem vi også til å vere innom det med å skrive dokument/brev, leite opp bilder, og legge inn nye bilder og finne dei att. Det er ein fordel om du tek med eiga datamaskin, det vert då enklare å øve vidare heime.  Obs, ikkje nettbrett i denne omgang.

Kurset startar tysdag 28.1 og er ein gong pr. veke i seks veker, det varer frå klokka 10 til 12:30, vi skal også ha kaffipause med noko godt attåt – sosialt og kjekt! Kursavgifta er 500,- for heile kurset, inkl. kaffi. Påmelding innan 25.januar til Herøy Frivilligsentral 70084690 eller mobil 99210020.

På grunn av kapasitet og plass, tek vi inn kun seks personar denne gongen, det er første mann til mølla prinsippet som gjeld her.

Kan du tenkje deg å hjelpe til med desse kursa – ta kontakt med oss!

Velkomne til kurs.

123Neste

Kulturkalender

Kva skjer? 

legg_til_arrangement.png

 

Frivillige lag og organisasjonar - kontaktinfo. 

Lag og organisasjonar

Lagt til: Endra:

Herøy Frivilligsentral
Igesundvegen 17
Tlf: 700 84 690
Mobil: 99 21 00 20
E-post: frivillig@heroy.kommune.no

Vi har ope mandag - fredag kl 10-14, men her er ofte folk ellers også så det er berre å stikke innom.

Her står som regel kaffien klar.

Den største gleda ein kan ha - er å gjere andre glad.

 

OM OSS

Vi skal vere eit ressurssenter for all frivillig aktivitet i Herøy kommune

Frivilligsentralen i Herøy skal bidra til å gjere Herøy kommune til ei enno betre kommune å bu i ved å kartlegge, synleggjere og ta i bruk dei frivillige ressursane i kommuna. Frivilligsentralen skal vere eit knutepunkt og bindeledd mellom dei som vil yte ein ubetalt innsats i nærmiløet/lokalsamfunnet og dei som ynskjer å motta slik innsats. Fs skal fungere som møteplass og brubyggjar mellom menneske, frivillige organisasjonar/samanslutningar og det offentlege.

Design og CMS: Osberget