Bli med Tjukkasgjengen på tur. 

859551_10151290583746394_1199697962_o.jpg

Søndag10.mars skal vi ut på tur aldri sur, og denne første familieturen med Tjukkasgjengen går til Lysløypa på Leikongsetra. 
Vi tek utgangspunkt frå Elfo bygget kl 14.30, så kan vi samkøyre litt og plukke med dei som ikkje sjølv har bil ALLE SKAL MED :) 
Det er ikkje snø i lysløypa no - litt grov grusveg er underlaget, kan vere litt blautt enkelte plassar - gode fjellsko er vel å anbefale. 
Ta gjerne med familie, vener, en god nistepakke eller grill og grillmat, varme kle, varm drikke, sitteunderlag og sjølvsagt ditt gode humør :) Ring oss dersom du har spørsmål eller vil vite meir om opplegget 99 21 00 20. 
Fin vær er lova - dette blir bra! Vi sjåast! :)

Turprogram to veker fram i tid: 
Søndag 10.mars: Familietur til lysløypa på Leikong. Oppmøte kl 14:30 på Elfo. Ta med grillmat/niste og godt humør. ca. 3 km grusveg. 
Tirsdag 12. mars: "rundtomkring overaskelse tur" ca. 3 km. Oppmøte kl. 19:00 på Elfo. 
Torsdag 14.mars: "Tjo og Heid" ca. 4,2 km. Oppmøte kl. 19:00 på Elfo. 
Søndag 17.mars: Familietur til Herøy Gard, vi går frå Lanternen. Oppmøte kl. 13:30 på Elfo. Ta med grillmat/niste og godt humør. 
Tirsdag 19.mars: "rundtomkring overalskelse tur" ca. 3 km. Oppmøte kl. 19:00 på Elfo. 
Torsdag 21.mars: "Tjo og Heid" ca. 4,2 km. Oppmøte kl. 19:00 på Elfo.

«Vi må bry oss! Vi skal bry oss!
Sei NEI til narkotika!»

bry_deg_april_13.jpg

Dette var overskrifta og hovudtema på informasjonsmøta som vart arrangert for ungdomskulane i Herøy i februar i år. Det viste seg å vere viktig informasjon ein fekk her, og difor vil vi no gi det same tilbudet til endå fleire.  Difor inviterer vi til to nye informasjonsmøter på kulturhuset, vi håpar sjølvsagt på fullsett sal på begge dagar! 

Måndag 22.april kl. 9 - 12.30 er det første møtet og er berekna for alle elevar og tilsette ved Herøy vidaregåande skule. Tysdag 23.april kl. 19 - 22.30 vert det eit ope møte, men med aldersgrense 18 år.  
På begge møta vil ein få høyre sterke historier frå Frode Tafjord og Gard Warholm tilpassa dei to ulike gruppene. Frode Tafjord kjem frå Ålesund, han mista dotter si Camilla av overdose GHB i 2007. 
Gard Warholm kjem frå Moltustranda, han vil fortelje om sin kamp som mangeårig rusmisbrukar. Begge har tidligare delteke på liknande arrangement. Erik Lind frå Politiet vil fortelje om ulike typar narkotiske stoff, kva teikn ein bør sjå etter. 

Du MÅ bry deg – set av tid og kom til dette møtet!


Arrangørar er: MOT og Natteravnane i Herøy

Tjukkasgjengen går og går!  

eika_juli_13.jpg

Tjukkasgjengen i Fosnavåg har ikkje leie på latsida i sommarferien heller, dei har hatt mange flotte turar i et ganske varierande sunnmørsver.
Bildet vart teke på ein av dei 17 turane dei har hatt i ferien, der dei var «skoddeflyktningar» til Eika og fann strålande sol.

Tjukkasgjengen  vart starta i mars, då var dei aller fleste i veldig dårlig form med eit felles mål om forbetring og samtidig ha det sosialt og kjekt!
Det er framleis ikkje så mykje prat og latter i gruppa når Bratteråsa skal forserast, men dei fleste kjem seg no heilt opp utan stopp, så det er ingen tvil om at dette fungerer.

Ein av tjukkassane seier det så fint slik: «Det å ha en slik gjeng i ryggen når du slit med motivasjon kan ikkje betalast med pengar.
For min eigen del så følast det som eg har fått eit nytt liv etter at eg vart med i gjengen. Når klokka er der så veit eg at der er nokon som står å ventar på oss for å gå ilag med oss på tur,
og det gjer at eg klarer å halde motivasjonen og ikkje minst humøret oppe til å fortsette»

Turprogram for august er klart, og ein kan finne det på facebook (Tjukkasgjengen chapter Fosnavåg). Har du ikkje har tilgang til facebook kan du finne turane på Herøy kommune si heimeside (kva skjer?), og plakatar som heng rundt om kring på butikkar og venterom. 
Nye Tjukkassar har no mulegheit til å kome å bli med å gå, dei to neste tirsdagsturane 20.8 og 27.8 er tilpassa nybegynnar der dei tek eit litt roligare tempo. 

Oppmøteplassen er Elfobygget (mellom Statoil og Mix), du kan berre å dukke opp.  Det viktige for tjukkasgjengen er at det er gratis og at ein skal ha det gøy ilag!
Men du treng ikkje vere tjukkas i ordet si fysiske tyding for å delta, Tjukkas er noko du er i hjarta. Ein tjukkas er ein som ikkje tek seg sjølv høgtideleg, som er blid, sosial og har masse sjølvironi. Du kan vere tynn som ein stilk og likevel vere ein skikkelig tjukkas.

Tirsdag 20.8 kl 19.00 på Eflo.

Håpar at mange slenger seg med, det står ein gjeng å ventar på DEG!

 

Gjensidigestiftelsen, søknadsfrist 15.9. 

Kopiert frå www.gjensidigestiftelsen.no: 

VI SØKER ILDSJELER MED IDEER

Gjensidigestiftelsen ønsker å gi støtte til de prosjektene som har størst effekt, både nasjonalt og i det enkelte lokalsamfunn. Du kan søke om midler til prosjekter som fremmer trygghet og helse.

Vi ønsker spesielt å finne de beste ideene som passer inn under temaet "Barn og unges oppvekstvilkår", men alle frivillige lag, organisasjoner eller ildsjeler som har prosjekter som omhandler trygghet og helse, uansett alder eller målgruppe, oppfordres til å søke.

Tiltakene må være forebyggende og aktivitetsskapende. Les mer og få inspirasjon under Gavevirksomhet. Søknadskriterier kan du lese mer om under Kan du søke. Se også ofte stite spørsmål i forbindelse med utfylling av søknadsskjemaet.

Av hensyn til utbetaling av støtte er det også en fordel om du er registrert ifrivillighetsregisteret. Vi forholder oss til juridiske enheter og ikke enkeltpersoner. Vi støtter Ildsjeler, men vi vil at de skal være godt organisert slik at virksomheten deres kan videreføres best mulig over tid. Det er derfor en fordel at frivillige organisasjoner er godt etablert, registrert, og ikke en tilfeldig gruppe personer med kun en god ide.

Vi får informasjon om flere kontaktpersoner og offisielle kontaktpunkter i den frivillige organisasjonen når de frivillige er registrert i Frivillighetsregisteret i Brønnøysund. Et offentlig register gjør frivilligheten mer transparent og i et samfunnsbyggende perspektiv får vi et mer velfungerende Norge.   

Neste søkadsfrist er 15. september 2013.

Senioruniversistetet jaktar fleire medlemmar. 

senioruniversitet_13.jpg

HERØY SENIORUNIVERSITET
Vi som sit i styret for det nyetablerte Herøy Senioruniversitet er no spente på korleis dei tilboda vi snart vil starte opp vert tekne imot av pensjonistane. Nærare detaljar om temakveldar og  studiegrupper vil verte opplyste i eigen annonse.
For å repetere litt frå vedtektene, står det følgjande i § 1: «Senioruniversitetet er ei frivillig, ideell og ikkje-kommersiell foreining med føremål å gje pensjonistar over 60 år kunnskapsformidling gjennom førelesningar, kåseri og studiegrupper om emne innan kunst, kultur, litteratur, historie, kosthald, helse i moden alder og andre fag dei er interesserte i, samt turar og reiser. Senioruniversitetet skal vidare vere eit forum for utveksling av kunnskapar og sosial kontakt.»
Styret ønskjer å starte opp litt varsamt. Vi tør mellom anna ikkje å nytte profesjonell foredragshaldar i startfasen, av de vi berre fekk eit starttilskot frå kommunen på  kr. 3.000,- Vi har søkt fleire moglege sponsorar, m.a. sparebankane og Herøy Næringsforum, men ikkje fått svar.  Ein stor del av dette tilskotet ville gått med berre til foredraget. Reise/opphald, sjølv med deling av beløpet med Ulstein, måtte vi ha lånt i bank. Det gjer vi sjølvsagt ikkje. Vi startar med lokale krefter til temakveldar, så får vi vone medlemskontigenten på kr. 200,- per år etter kvart vil gje oss større økonomisk albogerom.
Elles vert alt arbeid i dette forumet gjort frivillig og utan noko som helst godtgjersle. Er det pensjonistar som foreles, kåserer eller informerer, skal dette gjerast utan honorar, og det same gjeld dei som er leiarar av studiegrupper. Så enkelt og greitt er det.
Så har vi nettopp hatt styremøte og vedteke ein plan for verksemda for haustsemestret, og vi startar tidleg i september. Når det gjeld temadagar, vil vi ta opp emna arv og pensjonistøkonomi. Vi vil få fagfolk til å orientere, og høve til både drøfting og spørsmål etterpå. Vi reknar med at desse spørsmåla vil interessere mange. Temadagane er opne både for medlemmer og pensjonistar elles.
Når det gjeld studiegrupper er det mykje å velje mellom, men som ein varsam start av verksemda, stoppa vi med følgjande emne: Kunst, Visesong, Spansk og Litteratur . Vi kjem om nokre dagar attende med annonse med detaljar om påmelding. Vi har fått leie skulelokala i heile Herøy når dei er ledige, gratis vel og merke, og vi er komne godt i gang med eit samarbeid med Herøy Frivilligsentral og Herøy Folkebibliotek. Sidan det er snakk om pensjonistar, kan studiegruppene arbeide på dagtid. Desse gruppene skal arbeide mest mogleg sjølvstendige, det vil seie sjølve fastsette innhald, framdrift, tider, kor ofte dei skal møtest og velje lokale som passar.  Slik kan opplegget passe flest mogleg av deltakarane.
Andre studiegrupper som er aktuelle vidare framover: Andre språk som engelsk og tysk, bruk av datautstyr, slektsforskning og bibelstudiar. 

Gudmund Solstad 
-Styreleiar- 

Babytreff har oppstart fredag 30.august. 

plakat_30_8_13.jpg
leksehjelp.jpg
september_13_publis.jpg

Turprogram Oktober!

oktober_13_publis_3.jpg

Mat og Prat

plakat_oktober_2013.jpg

Mat og Prat: Programoversikt!

program_okt__des_13.jpg

Tv-aksjon 20.oktober. 

Årets innsamling går til demenssaka.
Årets innsamling går til demenssaka.

Vi treng fleire bøssebærarar til Tv-aksjonen søndag 20.oktober. 

Dykk kan melde dykk på 3 måtar: 

1. Ringe TV-aksjonens bøssebærartelefon 02025 – denne er open og i full sving fram til aksjonsdagen 20.oktober. 

2. Melde seg på via nettsida http://blimed.no/

3. Ta kontakt med Herøy Frivilligsentral 99210020.

Frivilligprisen 2013

Martin Slåttelid fekk prisen i 2012, for sitt mangeåringe engasjement for handballen og idretten i Herøy.
Martin Slåttelid fekk prisen i 2012, for sitt mangeåringe engasjement for handballen og idretten i Herøy.

Frist for innsending av forslag 31.10. 

Frivilligprisen skal delast ut i November, det er mange GODE kandidatar til denne prisen i Herøy. Fjordårets vinnar var Martin Slåttelid for sin mangeåringe innsats for handballen og idretten (vedlagt bilde) Har de forslag om kandidat til Frivilligprisen?

Kriterier/retningslinjer for prisen:

  • Prisen skal gjevast til ein initiativrik person, lokal forening/gruppe, som har utmerka seg med frivillig innsats, engasjement og pågangsmot til beste for den enkelte og samfunnet. 
  • Prisen skal synleggjere frivilligheita sin eigenverdi og samfunnsverdi ved å løfte fram gode eksempel på resultat av frivillig innsats.
  • Frivilligheita si breidde og mangfald både med tanke på organisasjonsform, tematikk, alder og kultur skal over tid gjenspeilast i eit tilsvarende mangfald blant prisens vinnarar.
  • Prisen kan gjevast på grunnlag av ein persons/lokal forening/gruppe sin frivillige innsats over lengre tid, eller i eit tidsavgrensa prosjekt.

Vi ber dykk om å sende inn forslag til kandidat til frivillig@heroy.kommune.no eller Herøy Frivilligsentral Pb. 59 6099 Fosnavåg innan 31.10. Dersom du har sendt inn forslag tidlegare år – send på nytt!!

Liste over alle lag og organisasjonar finn du på www.frivilligheroy.no, Har de spørsmål til dette må de gjerne ta kontakt på 700 84 690/ 99 21 00 20 Komiteen –Sigurd Nygård, Odd Magne Kvalsund, Geir Myksvoll Lande, Åshild Ørnhaug, Elsie Hagen og Britt Paulsen

tv_aksjon_takk.png
plakat_november_2013.jpg

Kjøyrande englar

"Du veit, ei lita tjeneste frå meg kan verte eit stort lyspunkt i kvardagen til nokon andre". Alf Nerland har trossa haustvéiret, tatt på seg den gule jakka, og lagt ut på kjøyreturen som no har blitt ei kjær rutine Eg nikkar og seier meg einig. Vi set oss inn i bilen, festar setebelta og kjøyrer avgårde.

Hyggekveld for eldre torsdag 7.11 kl 18-20.

hyggekveld.jpg

Desse fire kjekke og  gode jentene som kjem frå Ytre Herøy ungdomskule, har dette skuleåret eit valfag som heiter «innsats for andre».  Dei har tidligare vore med å hjelpe til på eldrefesten på kulturhuset, og hatt ansvar for barneparkeringa på frivilligsentralens «mat og prat». Komande torsdag (7.11) inviterar dei alle eldre til «hyggekveld» på Herøy Frivilligsentral. Dei er allereide i sving med handling og kakebaking,  dei har  laga ein quiz med spørsmål om og frå Herøy. Litt god prat, god kaffi, vert det nok også tid til – dette kan du ikkje gå glipp av.
Anna Sævik Nærø, Alexandra Fylling, Mariell Norevik Sande og Angela M. Myklebust ynskjer dykk hjarteleg velkomne!

"Spøtekveld" 

strikkebok.jpg

Denne gongen får vi besøk av Evelyn Sævik med boka ho har laga som heiter «barnestrikk frå mørkeloftet».

Dette er ei bok med oppskrifter frå eigen barndom, med 70 – og 80 tals design frå Sandnes. Ta gjerne ein kik i eigne bortgøymde skattar og ta dei med til Herøy Frivilligsentral måndag 11.november kl. 19:00, alle er velkomne!

Siste "mat & prat" i år - Velkomne! 

12Neste

Kulturkalender

Kva skjer? 

legg_til_arrangement.png

 

Frivillige lag og organisasjonar - kontaktinfo. 

Lag og organisasjonar

Lagt til: Endra:

Herøy Frivilligsentral
Igesundvegen 17
Tlf: 700 84 690
Mobil: 99 21 00 20
E-post: frivillig@heroy.kommune.no

Vi har ope mandag - fredag kl 10-14, men her er ofte folk ellers også så det er berre å stikke innom.

Her står som regel kaffien klar.

Den største gleda ein kan ha - er å gjere andre glad.

 

OM OSS

Vi skal vere eit ressurssenter for all frivillig aktivitet i Herøy kommune

Frivilligsentralen i Herøy skal bidra til å gjere Herøy kommune til ei enno betre kommune å bu i ved å kartlegge, synleggjere og ta i bruk dei frivillige ressursane i kommuna. Frivilligsentralen skal vere eit knutepunkt og bindeledd mellom dei som vil yte ein ubetalt innsats i nærmiløet/lokalsamfunnet og dei som ynskjer å motta slik innsats. Fs skal fungere som møteplass og brubyggjar mellom menneske, frivillige organisasjonar/samanslutningar og det offentlege.

Design og CMS: Osberget