sommarferie.jpg

Vi har no sommarferie og opnar att mandag 7.august. 
Vi ynskjer alle ein fin fin sommar! 

Saman på sykkel er heilt topp!

Då er sykkelprosjektet realisert - med hjelp av prosjektmidler Gjensidigestiftelsen har vi fått kjøpt inn to sykklar, ein til Herøy omsorgssenter og ein til Myrvåg omsorgssenter. I dag har vi hatt første prøveturen og det var absolutt ein suksess, som gav meirsmak for både pilotar og passasjerar. Her kan ein virkeleg få luft i håret og få sett sett seg omkring, god plass til termos og niste er her også! Vi oppmodar familier, vener og andre som har lyst til å få litt opplæring med sykkelen om å ta kontakt med avdelingsleiarane, eller Tommy Dahl som har kontor på Eggesbønes. Dette var så kjekt!

Sommarkonsert.

guren_hagen_hos_17.jpg

I dag har Guren Hagen besøkt Herøy og Myrvåg omsorgssenter og halde konsert for fullsett sal. Her fekk vi høyre både kjende og nye viser, nokre trampa takta og nokre song med på dei kjende og kjære visene. Ein liten vals vart det også tilslutt. Eit fin arrangement i regi av den kulturelle spaserstokken i Herøy. 


Guren Hagen kjem til Herøy 4.juli

coverbilde.jpg

Herøy Omsorgssenter kl 11:00 
Myrvåg Omsorgssenter kl 16:00 

Guren Hagen har fram til no, gjeve ut elve album med folkekjære viser som Det store i det små, Hotell jord, Sammarsmårrå, Hjertet mitt og Vakre du. Og i mai kjem den nye sommarlåta Om kapp med sola.
Guren Hagen er ein av sin generasjons beste låtskrivarar med songar som Hotell jord, Hjertet mitt, Det store i det små, Sammarsmårrå og Solsida i front. Desse songane og faktisk heile ti til er av dei mest spelte på NRK P1 dei siste sytten åra.
Dette gjær at gjenkjenningssfaktoren er høg på desse konsertane. Guren si evne til formidling er rett og slett kjempebra og desse konsertane er ei reise der
melankoli, humor, sorg og gleder går hand i hand. Alle livets fasetter vert det sunge og fortalt anekdoter om, og det at han ofte bruker sitt eige liv og erfaringar
som bakteppe gjær at det heile følast nært og ekte. Det er heller ikkje uvanleg med både latter og tårer under ein konsert med Guren.
Den kultrelle spaserstokken i Herøy ynskjer beburarar, familie og vener til å kome å vere  ilag på dette. 

Trubaduren laga god stemning.

Foto: Kristin Kvalsvik
Foto: Kristin Kvalsvik

Sist torsdag var det duka for ei hyggeleg stund ved omsorgssentera i Myrvåg og på Eggesbønes.

Øystein Eckhoff, opphavleg frå Syvde i Vanylven, har vore musikar på heiltid i 10 år. Han reiser rundt med gitaren og underheld på pubar, i bryllup og andre feiringar, men held også konsertar for den eldre garde.
Då dykkar han i det norske visearkivet, og hentar fram kjende og kjære songskattar og kanskje ein og annan du ikkje hadde høyrt før.  

Og folka «benka» seg framføre og tralla med, ei fin stund for beburarane vart det på ein elles fin sunnmørssommardag, der gradestokken syner så vidt eit tosifra tal, er det godt å hygge seg innandørs.
Også trubaduren var fornøgd med dagens speleoppdrag:

«Det er utruleg givande å få halde slike konsertar som eg gjorde i Herøy på torsdag. Dei kjende så godt alle songane, og kvidde seg ikkje for å syngje med på dei gamle slagerane. I tillegg var det eit lydhørt publikum, og eg trur eg sette minst like stor pris på dei, som dei gjorde på meg».
Neste arrangement i regi av Den kulturelle spaserstokken vert 4.juli, då vert det sommarkonsert med Guren Hagen. Vi ynskjer beburarar, familier og vener velkomne til å vere ilag.

Er du senior i Herøy?

Foto Herøy frivilligsentral: Marit Sævik Leinebø (Herøy Kyrkje) May Irene Myren (Herøy Frikyrkje) Solgunn Ulstein (livsglede for eldre) og Terje Krogset (ytre Herøy pensjonistlag)
Foto Herøy frivilligsentral: Marit Sævik Leinebø (Herøy Kyrkje) May Irene Myren (Herøy Frikyrkje) Solgunn Ulstein (livsglede for eldre) og Terje Krogset (ytre Herøy pensjonistlag)

Sist veke møttest repersentantar frå Herøy Kyrkje, Herøy Frikyrkje, Livsglede for eldre, Ytre Herøy pensjonistlag og Frivilligsentralen for ein prat om kva som finnast av møteplasser for seniorar i Herøy.

Vi har fleire gode tilbod og desse må vi nytte oss av. Under møtet kom det fram at vi har mange møteplasser, det gjeld berre å nytte seg av dei. 

Pensjonistlaga både i ytre- og indre Herøy, med Terje og Solfrid i spissen, er aktive og har faste møter ein gong i månaden, samt busstur på våren.
Herøy Frikyrkje arrangerer månadleg det såkalla «vi over 60» treffet, Herøy Kyrkje har busstur og eldrefest og elles ad hock treff i løpet av året, no sist i samarbeid med Livsglede for eldre frå Herøy Vidaregåande skule.
Eldrerådet i Herøy arrangerer kvar haust eldrefest, også med god hjelp frå Herøy Vidaregåande skule. Velforeningane på sjukeheimane, grendelag, sanitetskvinnene, frivilligsentralen,  LHL og senioruniversitetet har også fleire tilbod som ein kan nytte seg av dersom ein har lyst til å treffe andre eller å vere med å hjelpe til når ein har mulegheit.
Kanskje er ein del av dei for lite kjent slik at vi har ei oppgåve her å drive felles «reklame» for dei møta som finst.
Det gjeld også å få aktivisert «unge eldre» til å interessere seg for frivillig eldrearbeid. Kanskje har vi ein «einsam» nabo som vi kan hugse på når vi vil delta på ein aktivitet.

Det var semje mellom alle som møtte at her finnast mange gode tilbod i Herøy, og at vi ynskjer å samarbeide framfor å konkurrere om desse.
Sidan fleire og fleire seniorar også nyttar seg av facebook, har vi no i samarbeid oppretta ei side, «Senior i Herøy»,
der vi vil i tillegg til lokalavis, kulturkalender,  plakatar, heimesider og jungeltelegraf, prøve å få ut informasjonen til flest muleg.
Det går no i mot sommarferie for dei fleste av desse faste møteplassane, men plutselig er sommaren over og vi er klare til ein sosial og kjekk haust med mykje aktivitet.
Velkomne alle!

 

Vi ynskjer velkomne!

kveldsstrikk_mai_17.jpg
veke_19.jpg
veke_18.gif

Handstrøboksane er allereide klar- til neste vinter! 

Tusen takk til Synnøve, Thomas og resten av den dyktige gjengen på Herøy Produksjon!
Tusen takk til Synnøve, Thomas og resten av den dyktige gjengen på Herøy Produksjon!

Prosjektmidler frå Gjensidigestiftelsen gjorde at vi fekk muligheita til å kjøpe inn ein del handstrøbokser. Herøy Produksjon tok sporty oppdraget med å fylje desse boksene med strøsingel slik at dei skal vere klare til bruk, og forhåpentligvis, redde både armar og lårhalsar. No skal boksene lagrast i kjellaren på Sanitetshuset fram til hausten, då er vi klare til utdeling, meint først og fremst til eldre heimebuande. Vi deler ut så langt lageret rekk.

Handstrøboksane er smarte å ha ståande innafor ytterdøra, så kan ein berre ta dei i handa og strø litt framføre seg når ein treng å kome seg til postkassa eller til bilen. Tusen takk for hjelpa - Synnøve, Thomas og resten av gjengen på Herøy Produksjon!

veke_17.jpg

Vi inviterer til Seniornett i Herøy, tysdagar kl 11-13.

Terje Krogset, leiar i Ytre Herøy pensjonistforening
Terje Krogset, leiar i Ytre Herøy pensjonistforening

Utviklinga innan teknologi går rasande fort, difor er behovet for å lære meir om dette naudsynt.
Det kjem stadig nye tilbod om tenester og informasjon som ein kan nytte seg av, ein treng ikkje å kunne alt og behovet kvar enkelt har er ulikt.
Difor vil no Pensjonistlaga og Frivilligsentralen starte opp eit tilbod om ein møteplass, der ein treffast, med mål om å lære seg litt meir med den smarttelefonen eller det nettbrettet ein sjølv har.
Vi legg ikkje opp til kurs i denne omgang, du kan ta med det du nyttar av smarttelefon og nettbrett, vi hjelper deg med å koble deg opp på internett dersom du treng det.
Ynskjer du å lære meir om foreksempel, vips, digipost, snapchat, instagram, nett-tv,  nettaviser eller korleis ein via ein app kan fylje med på skipstrafikken?
Ta deg ein tur innom oss komande tysdag – så skal vi prøve å hjelpe deg så godt som vi kan.
Herøy frivilligsentral finn du framleis ved parken i Fosnavåg, Igesundvegen 17.
Alle er velkomne – uansett alder!

Årsmøte?

_rsm_te.jpg

Vi veit at det no er tid for årsmøter og kanskje har ditt lag valt inn ny leiar i styret?
Det er viktig at det står rett kontaktinformasjon på kommunen si heimeside.
Sjå over om det stemmer for ditt lag, eller om du veit om lag som ikkje er registrerte her.
Send oss ein epost eller sms så kan vi hjelpe deg med å få retta det, eller du kan få innlogging og ordne det sjølv.
frivillig@heroy.kommune.no  mobilnummer 99219920.  
Oversikt over alle registrerte frivillige lag og organisasjonar i Herøy finn du ved å trykkje på denne lenka:  frivillige lag og organisasjonar i Herøy

Lære å strikke?

På Frivilligsentralen Torsdag 16.februar kl 19-21:30 

pus.png

Hei, då ordnar vi ein strikkekveld på Frivilligsentralen igjen. Denne gongen har vi aliert oss med nokre erfarne strikkedamer som har sagt seg villige til å hjelpe nybegynnarar i gang å strikke. Panneband er ein heilt ok ting å starte med, vi leiter opp et par ulike oppskrifter de kan velge mellom. Om du vil lære å strikke tek du sjølv med deg rundpinne nr 5,5 og tråd med passelig tjukkelse, enkel eller dobbel tråd. (dette kan garnbutikken hjelpe deg med å finne).
Ellers har vi som vanleg servering av kaffi/te og noko attåt, muleg det vert ei aldeles nydelig gullerotkake denne kvelden.
Det koster 30,- pr. person og vi et å drikk til det er tomt.
Nybegynnarar er særleg velkomne denne kvelden, men ALLE er sjølvsagt hjerteleg velkomne både med og utan handarbeid.
Så hygger vi oss og har ei sosial og kjekk stund ilag, vi gler oss!

veke_6.jpg
Endra:

Kven skal få Frivilligprisen 2016 i Herøy?

9 kandidatar er nominerte til den gjeve prisen, og du kan vere med på å bestemme kven av dei som får den.
Alle innbyggarane i Herøy kan stemme på ein kandidat ved å sende enten sms til 99210020,
epost til frivillig@heroy.kommune.no eller brev til Herøy Frivilligsentral, pb. 59, 6099 Fosnavåg.
Kvar person kan gi ei stemme, avstemminga vert avslutta fredag 20.januar kl 16:00.

I tillegg til fortent heider og ære får vinnaren ein diplom laga av Svein Olav Hatlen, blomster og ei pengegåve frå Møretrygd på kr 5000,-.
Prisen vert utdelt på eit passande tidspunkt når det er avgjort kven som skal få den.
Alle 8 er verdige kandidatar som har utmerka seg med frivillig innsats, engasjement og pågangsmot til beste for den enkelte og samfunnet.

Og dei nominerte er:
1. Velforeninga ved Herøy omsorgssenter ved leiar Ingrid Kvalsund. Velforeininga bidreg med mykje til sjukeheimen. Ein torsdag i månaden lagar dei til møteplass for bebuarane der dei serverer kaffi og kaker, dei har også kafedag og adventsfest. Dei ordnar med utlodding som har resultert i lydanlegg, hage og utsyr til servering. Dei er ein fantastisk ressurs for sjukeheimen.
2. Klede til glede v/Malene Wolden, Anita Reite Onen og Lisa Leinebø Pinheiro
«Klede til Glede» held til i kyrkjekjellaren, og der kan ein bytte, levere eller hente kle og leiker. Damene har lagt ned et voldsomt arbeid i «Klede til Glede». Mang ein kveld og helgedag har gått med til å hente kle og sortere dei. Klede til glede er dessutan eit flott tiltak for miljø og gjenbruk. Kvar onsdag har dei ope for publikum i kyrkjekjellaren. I tillegg har dei også laga mat til asylsøkjarane på Fosnavåg mottaksenter for mindreåringe, dei har også stelt i stand andre ting for dei. Før jul samla dmene inn gaver og mat til dei som ikke har det romsleg økonomisk. Tiltaka i «klede til glede» er mange, og når mange, fellesnemnaren er omsorg for medmenneske. Dette inspirerar til eit varmare, inkluderande samhald i lokalmiljøet. Tiltaket når også ut til nabokommunene. Malene, Lisa og Anita har fullt opp med barn og familie, men stiller likevel opp for å gjere dette for andre. Klede til glede, og engasjementet deira for ungdomane på asylmottaket er beundringsverdig, dei er ikkje berre engasjerte, men oppfordrar alle kring seg om å engasjere og gi av seg sjølve. Deira påverknad er direkte personlig og motiverar andre til gode handlingar.
3. Kadir Dikbas, for sitt engasjement og omtanke for andre. Kadir er ein ressursperson i kommunen, han seier aldri nei til noko, og har vore pådrivar og ein av dei mest aktive når det gjeld ungdomsrelatert arbeid i kommunen. Han er ein person som, utan å spørje, legg vekk eigne gjeremål og prosjekt dersom det er bruk for ei hand ein annan stad. Han er også ein av dei mange og dyktige frivillige som har engasjert seg for gutane på Fosnavåg mottakssenter for einslege mindreårige.
4. Jan Olaf Hareide, for den innsatsen han frivillig legg ned i Tjørvåg IL
I tillegg til at han no er leiar i idrettslaget er han stort sett på alle kampar, både borte - og heimekamper, han stiller opp i god tid før heimekampane og lagar alt klart i kiosken slik at foreldre kan kome til klar kiosk med vaffelrøra ferdig. I år og i fjor har han også vore med som leiar på seljecup, Norwaycup og Førdecup i tillegg har han også stilt opp å heia på Tjørvåg lag på andre lokale turneringar. Han arrangerer middagar, loddsal og mange andre aktivitetar for idrettslaget og er stort sett å treffe på stadion kveldane i sesongen. Alt dette gjer han på frivillig basis utan at han verken sjølv har barn i idrettslaget eller får betalt for det. Han er også ein veldig positiv person som alltid er positiv når en spør etter hjelp eller råd. Tjørvåg IL og Tjørvåg bygda har mykje å takke denne mannen for.
5. Odd Magne Kvalsund , er nominert fordi han er ein positiv person som stiller opp om nokon treng hjelp. Han har vore frivillig i middagsombringinga sidan 2011 , han har hjelpt til med organiseringa av TV-aksjonen i fleire år, han var pådrivar for å få starta opp Herøy kameraklubb og har vore med i styret der sidan oppstarten, han har også vore styremedlem i frivilligsentralen i 2 år.
Han er også med i styret for Nerlandsøy grendalag, der dei arrangerer fleire sosiale treff for både eldre og barn, dei deler kvart år ut blomster og strøsand til alle eldre i bygda. Odd Magne er ein ivrig fotograf og han har blant anna donert fleire fotografi til avdelingane på Herøy omsorgssenter. Han har også vore vakt på Herøy LAN sine arrangement.
6. Alette Teige, har gjort ein god og ærleg innsats i sokneråd, fellesråd, byggenemnd for ny Herøy kyrkje og i utsmykkingsnemnda for nye kyrkja. Etter at kyrkja vart ferdig og teken i bruk har ho aktivt og utan nokon form for godtgjersle stadig ordna med diverse pynting og blomsterdekorasjonar på altaret og elles i kyrkja. Til kyrkjekaffien lagar ho dei beste brød og kaker, med tilhøyrande god heimelaga sylte av tyttebær og sjølvplukka blåbær. I sommar var ho også i aktivitet med rake og rydding på grøntanlegget ved kyrkja. Ho er også med i nemnda som arrangerer kveldsmesse. I det heile representerer ho ein verkeleg stor frivillig ressurs for kyrkja.
7. Arild Kirkenes, er nominert for sin flotte innsats gjennom årevis arbeid for blant anna Herøy og Sande jeger og fiskeforening. Ei ildsjel for mykje anna også, som lærdue bana på Leikong. Han er ein av «limet» i bygda som alltid stiller opp. En initiativtaker av dei skjeldne for å samle sambygdingar.
8. Emilie Hansen, har vist eit enormt engasjement overfor dei einslege mindreårige asylsøkjarane i Fosnavåg. Ho har brukt mykje tid ilag med desse gutane, heilt sidan dei kom til Fosnavåg. Ho har vore med dei og hjelpt dei til å starte på fotballtrening, biljard og andre fritidsaktivitetar. Ho har vore oppteken av at dei skal ha gode opplevingar under opphaldet sitt i Fosnavåg. Emile starta ei underskriftskampanje, ho oppretta ein eigen hashtag #laguttabli, og ei eiga side på Facebook «Nei til returnering av barn til Afghanistan». Hashtagen har spreidd seg til fleire stadar i Noreg og underskriftskampanjen har samla hundrevis av underskrifter. Ho har også vore aktiv i media og stilt til intervju både i aviser og på radio.
Emilie ilag med to andre, laga eit arrangement i Fosnavåg, med både fakkeltog, song, musikk og appellar. Emilie var leiaren for det heile.
Ho har vist eit enormt mot og stor vilje, og ho framstår uredd. Ho var også med som frivillig for antirasistisk senter i Oslo, å rigga demonstrasjon i mot returnering av barn til Afganistan.
Emilie har eit stort hjarte, som brenn for å skape rettferd. Det at ho berre er 17 år, og bur i vesle Fosnavåg, har ikkje stoppa henne frå å jobbe imot asylpolitikk på «høgt plan».

9. Anlaug Varhaugvik, har i mange år jobba frivillig i mange samanhenger, både innan idrett, kultur, friluftsliv og velforeningar. Ho har vore trenar for eldretrimm, vore med i styret for Herøyspelet, aktiv i vedlikehaldgruppa på Runde fyr, aktiv i dugnadsarbeid i Herøy Rotary, hjelpt til med middagsombringing, leiar for Heida vel, og er aktiv i velforeininga ved Herøy omsorgssenter. 

Beklager - vi har stengt

På grunn av problemer med telefon og internett på kontoret må vi desverre stenge sentralen. Vi arbeider med å få fiksa dette og håper at vi kan opne att så fort som mulig, men det kan nok ta nokre dagar. 
Ring 99210020 dersom du treng å snakke med oss. 

plakat_2017.jpg
veke_50_.jpg
veke_49.jpg
12Neste

Kulturkalender

Kva skjer? 

legg_til_arrangement.png

 

Frivillige lag og organisasjonar - kontaktinfo. 

Lag og organisasjonar

Lagt til: Endra:

Herøy Frivilligsentral
Igesundvegen 17
Tlf: 700 84 690
Mobil: 99 21 00 20
E-post: frivillig@heroy.kommune.no

Vi har ope mandag - fredag kl 10-14, men her er ofte folk ellers også så det er berre å stikke innom.

Her står som regel kaffien klar.

Den største gleda ein kan ha - er å gjere andre glad.

 

OM OSS

Vi skal vere eit ressurssenter for all frivillig aktivitet i Herøy kommune

Frivilligsentralen i Herøy skal bidra til å gjere Herøy kommune til ei enno betre kommune å bu i ved å kartlegge, synleggjere og ta i bruk dei frivillige ressursane i kommuna. Frivilligsentralen skal vere eit knutepunkt og bindeledd mellom dei som vil yte ein ubetalt innsats i nærmiløet/lokalsamfunnet og dei som ynskjer å motta slik innsats. Fs skal fungere som møteplass og brubyggjar mellom menneske, frivillige organisasjonar/samanslutningar og det offentlege.

Design og CMS: Osberget